Sunnmøringen
Sunnmøringen sitt primære dekningsområde er Stranda kommune, som omfattar bygdelaga Stranda tettstad, Geiranger, Liabygda og Sunnylven. Vi dekkjer hendingar gjennom papiravisa, som kjem ut ein gong i veka på torsdagar. Vi har òg ei nettavis som blir jamleg oppdatert i løpet av døgeret, med òg aktuelle saker frå nabokommunane til Stranda–som Hornindal, Norddal, Stryn og Stordal.
Sunnmøringen var i mange år ei avis som kom ut to dagar i veka, onsdag og laurdag. I mai 2016 endra vi frekvens til ein gong i veka. Dette har frigjort ressursar i redaksjonen til fokus på nettarbeid, og har gitt eit fyldigare produkt på papir til våre lesarar. I 2018 sende Sunnmøringen til saman 1164 sider til prent, i tillegg til å ha ei oppdatert nettavis.
Det kom i 2018 nokre spreidde tilbakemeldingar på frekvensendringa, men som hovudsak ser abonnentane ut til å vere nøgde med tilbodet. Det beste beviset på dette, er at talet på abonnentar aukar. Vi opplever òg at markedssida gjer det betre enn venta ved innleiinga til 2018.
Redaksjonen har tre redaksjonelle tilsette, som inkluderer dagleg leiar/redaktør og to journalistar. Ved innleiinga til 2018 fekk Sunnmøringen eit redaktørskifte, då Renate Furre Henriksen-Sandvær tok over redaktøransvaret og konstituert redaktør Johan Behrentz gjekk inn i rolla som journalist.
Avisa kan ikkje drivast med færre enn tre redaksjonelt tilsette. Grafisk arbeide og marknadstenester blir utført av faste medarbeidarar i Sunnmørsposten, og dette samarbeidet fungerer sømlaust.
Sunnmøringen gav i 2018 ut to aviser som vart prenta i ekstra mange eksemplar: Sommaravisa 2017 og Vinteravisa 2018. Båe avisene vart distribuert i Stranda og omkringliggande kommunar til Stranda.