Endring av kommunegrenser og samanslåing av Eid, Selje og Bryggja til ny Stad kommune. Det nye kommunekartet viser igjen i spaltene våre, noko som også har ført til at vi har utvida området vi før dekte. Lenger avstandar og reisetid har vi merka godt, men valde å dekkje parallelt «gamlekommunane» slik at lesarane våre skulle bli betre kjend med kvarandre. Engasjementet har vore stort i samband med kommunesamanslåing.
Kommunevalet var difor ekstra spennande i 2019.
Fjordabladet gjennomførte to meiningsmålingar.
Vi hadde omfattande intervju med listetoppane og stor presentasjon av listene, meir omfattande enn tidlegare kommuneval nettopp fordi det var snakk om kommunesamanslåing og ukjende politikarar for mange.
Vi har hatt mykje stoff også under og i etterkant av valet. Historiske tal frå tidlegare val, og analyse frå korleis politiske parti stod over lang tid. Og ved nyttårsskifte når kommunesamanslåing endeleg skjedde så, hadde vi historiske reportasjar om kommunane som no blei slått saman. Med andre ord - sjå tilbake, samtidig som ein ser framover.
Fjordabladet arrangerte også valdebatt på Stadlandet der alle listetoppane deltok veka før valet.
Fylkessamanslåing og at Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle avvikla, og bli ein del av nye Vestland fylke, har også vist godt igjen i avisa.
Spaltene har også vore prega av at vi er i ein kulturkommune, med landskjende Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord, og med hundrevis av frivillige som står på for at desse kan eksistere.
Eit engasjert næringsliv, høgare etableringsvilje og handelsboom, med mange tilreisande handlande til nettopp Nordfjordeid, viser også igjen i lokalavisa sine spalter. Denne sommaren opna ein også opp for cruiseturisme for første gong, og bygging av største vikingskipet og opning av nytt vikingsenter har også engasjert. Turismesatsing er også ein gjengangar. Det same er samferdsle.
Skuldingar om dårleg arbeidsmiljø i Eid kommune var også saker som engasjerte mange i lokalmiljøet i år. Få saker har gitt oss fleire tilbakemeldingar og stadfestingar, samtidig som det har vore svært vanskeleg å få leiarar i kommunen i tale.
Vi skal også vere gode på lokal sport og følgje lokale , unge idrettsutøvarar.
For Fjordabladet er det viktig å vise ein god miks av saker, enten det er alle dei frivillige som tar i eit tak for lokalsamfunnet, mangel på bygging av ny gangveg eller kamp om funksjonar og arbeidsplassar ved lokalsjukehuset. Fjordabladet følgjer lokalpolitikken tett.
Mest leste saker
Topp ti totalt:
- Sløkker lyset verda over 13.418
- Cruiseanløp hamner i Nordfjord 7.843
- Framleis søk etter mann i Eidselva 5.385
- Bensinkrig i Eid 4.518
- Kraftig jordskjelv skremde opp nordfjordingane 4.103
- Framleis kritisk for femåring 3.984
- Ei fullsett Kjøldalen kyrkje tok farvel 3.925
- Alle dyra er ute og i tryggleik 3.814
- Redde det som reddast kan! 3.761
- 5-åring funne på Eid åleine 3.671
Topp ti saker (Plussa)
- Omsetting av eigedommar i Eid kommune 2.018
- Her er namna på dei som kom inn 2.001
- Folketalet aukar i Eid og Selje 1.544
- Fire bønder frå Eid fekk sølvtina 1.382
- Elkjøp opnar dørene 1.293
- Opnar ny butikk på Stokkenes 1.266
- Cruiselista for 2020 er klar 1.180
- Cirke K Eid stengt 1.090
- Har stengt dørene 1.090
- Tusenvis stod i matkø 1.060