Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir og nett for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord og Bremanger. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker som vi skal omtale. Vi skal følgje folk i denne regionen frå vogge til grav. Vi skal vere til å stole på, vere nær, frie og uavhengig, balanserte og aktuelle. Vi skal skape engasjement.
Saker som har prega våre spalter i 2019
Kommunereforma: Kommunereforma har prega våre spaltar både på nett og papir også i 2019. Årsaka er at tre av kommunane vi dekker har bestemt seg for å slå seg saman til nye kommunar etter 2020. Det er Vågsøy som skal slå seg saman med Flora kommune til Kinn kommune. Og så er det Selje og Eid kommunar som skal slå seg saman til Stad kommune. Vedtaka av dei to samanslåingane vart gjort tidleg i 2017. Frå den same datoen vart Sogn og Fjordane fylke historie då fylket slo seg saman med Hordaland fylke til nye Vestland fylke.
Stad kommune: Kommunestyra i Selje (2.791 innbyggarar) og Eid (6.064 innbyggarar) vedtok i januar 2017 å slå seg saman til Stad kommune. Fjordenes Tidende er nummer ein-avis i Selje med rundt 70 prosent husstandsdekning, og vi har rundt 16 prosent husstandsdekning i Eid. Eid har i tillegg si eiga avis, Fjordabladet som har rundt 70 prosent husstandsdekning i Eid og berre 1 prosent dekning i Selje. I 2019 med etablering av den nye kommunen. I 2018 har Fjordenes Tidende vore tett på arbeidet med å drifte dei to kommunane samstundes som dei planlegg og organiserer den nye kommunen. Det har ikkje vore så mykje usemje og «bråk» rundt denne samanslåinga.
Kinn kommune: Kommunestyra i Vågsøy (6.031 innbyggarar) og Flora (11.999 innbyggarar) vedtok å slå seg saman til Kinn kommune i mars 2017. I forhandlingane om intensjonsavtalen om Kinn kommune var ein tredje kommune, som ligg mellom Vågsøy og Flora kommunar, observatør under møta. Bremanger kommune (3.847 innbyggarar) var ønskt og invitert med i den nye kystkommunen. Men i Bremanger har det heile tida vore stor motstand mot å slå seg saman med andre kommunar. I Bremanger har engasjementet mot å slå seg saman vore stort, og i 2019 har det ikkje vore forhandlingar mellom Bremanger og dei to andre kommunane. På Stortinget har det heller ikkje vore fleirtal for å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune. Dermed så er Kinn kommune blitt meir utfordrande med store avstandar og dårlege kommunikasjonar mellom Vågsøy og Flora. Kinn kommune har blitt omtala som den raraste kommunen i Norge.
Det har også prega debatten at Fylkesmannen godkjende at dei rundt 550 innbyggjarane på Bryggja, Maurstad og Totland i Vågsøy får skifte kommune til nye Stad kommune etter 2020. Dette godkjende så kommunalministeren. I Vågsøy har det vore engasjerte debattar mellom dei som er for og mot at Vågsøy i Nordfjord slår seg saman med sunnfjordkommunen Flora. Her synest det å vere ein stor politisk og folkeleg motstand mot samanslåinga. I Vågsøy vart det også organisert underskriftskampanje med krav om folkerøysting.
Situasjonen for Fjordenes Tidende som lokalavis: Kva desse grenseendringane vil bety for Fjordenes Tidende, som har ein sterk fot inn i alle fire kommunane som i ei eller anna form er involvert i endring av kommunegrensene, er vanskeleg å spå.
Vi har brukt mykje energi på å finne ut kva dette vil bety fram til 2020, og ikkje minst etter 2020, då dei nye grensene er på plass. Vil dei nye grensene endre vesentleg på identiteten til folk og oppfatninga av kva ei lokalavis skal vere og levere? Vi må nok endre oss og tilpasse oss dei nye grensene.
Fjordenes Tidende vil vere ei av to lokalaviser i dei to nye kommunane. I Stad kommune er vi nummer ein-avis i eine delen av kommunen, i Selje, og Fjordabladet har denne posisjonen i den andre delen av kommunen, Eid kommune. I Kinn kommune har vi nummer ein-posisjon i nordre delar av den nye kommunen, dagens Vågsøy kommune. I søre deler av kommunen, Flora kommune, har Firdaposten denne posisjonen. Store avstandar og lang reisetid vil gjere det vanskeleg for begge redaksjonane å dekke alt i heile nye Kinn kommune like godt som vi gjer i hovudkommunane i dag. Med bil tek det to timar å køyre ein veg mellom dei to kommunesentera Måløy og Flora, altså meir enn fire timar tur-retur. Skal ein reise kollektivt er det tre båtruter for dag som tek over ein time kvar veg. Utfordringa er at det er mange timar mellom kvar avgang. Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har i tillegg sterke posisjonar i kommunen som deler den nye Kinn kommune i to, nemleg Bremanger kommune.
Vi tenker at vi må lage redaksjonelt innhald bygd på identitet, kultur og felles interesser der vi har storparten av abonnentane. Vi må vere opptekne av viktige utfordringar og vedtak som angår folk i området vi dekker i dag. Vi må vere tett på næringsliv, idrett, kultur, samferdsle, skule, pleie og omsorg, barn, unge og eldre, folkeliv og personar som gjer spesielle ting i nedslagsfeltet der vi har flest abonnentar, i ytre Nordfjord og Bremanger.
Sjølv om Vågsøy slår seg saman med ein sunnfjordkommune, så vil storparten av folk i Vågsøy framleis vere nordfjordingar. Såleis trur vi at folk i Vågsøy gjerne vil vite kva som skjer både i nye Stad kommune og i Bremanger slik som ein er i dag, også etter grenseendring. Det er også sagt at sjølv om Vågsøy blir ein del av Kinn, så skal dei kommunale tilboda etter 2020 vere som før 2020 og folk skal få løyst alle sine oppgåver i den delen av den nye kommunen som dei bur i. Sjølv om det står i intensjonsavtalen at nye Kinn kommune vil løyse alle interkommunale oppgåver sjølve, så er det seinare sagt at det vil bli samarbeidsprosjekt for Nordre Kinn med dei andre nordfjordkommunane.
Utfordringa for Fjordenes Tidende blir å halde våre lesarar i nye nordre Kinn oppdatert på kva som skjer i søre deler av den nye kommunen. Det blir såleis utfordrande å skape felles identitet, felles kultur, felles entusiasme og felles bu- og arbeidsområde med så store avstandar og med så lite kjennskap til kvarandre.
Her er det snakk om store og viktige reformer som følgje av at kommunegrenser blir endra og kommunale tenester skal organiserast på nytt.
På leiarplass har redaktøren tidlegare teke til orde for at alle kommunane i Nordfjord burde vore ein ny kommune. Etter at vedtaka om Stad og Kinn kommunar har blitt vedteke, så har redaktøren på leiarplass vore forsiktig med å ta klare standpunkt for det eine eller andre. Nokon meiner dette er feigt av redaktøren. Men forklaringa er at i desse viktige og store sakene så har det vore eit veldig sterkt engasjement på begge sider. Redaktøren vil ikkje at bastante meiningar på leiarplass skal legge føringar på folk sine meiningar og ikkje minst folk sine oppfatningar om vår journalistikk. Redaktøren er også så ærleg på at det er vanskeleg å ha ei bestemt oppfatning av kva som er blir bra og mindre bra når begge kommunane er slått saman. Men ut frå dette så har vi på leiarplass reist ein del problemstillingar og oppmodar både tilhengarar og skeptikarane til dei nye kommunane om å vere på banen med sine gode argument. Eg har også oppmoda alle innbyggarane i dei nye kommunane om å bidra til at kommunane skal bli så gode som det er mogleg å få dei.
Kommuneval 2019:
9. september 2019 var det kommune- og fylkestingsval. Med to nye kommunar som vi dekker og ny fylkeskommune så vart det ein engasjert valkamp fram mot valet. Vi prøvde å balansere dekninga og presentasjonen av dei ulike partia og partiprogramma. Det var stor pågang av politikarar som ville ha merksemd rundt sine program og kjernesaker. Det vart arrangert fleire valmøte fram mot valet. Vi dekka desse,
Alle parti fekk besøk av sentrale og profilerte rikspolitikarar som ville gje sine lokale parti draghjelp fram mot valet. Då var det bedriftsbesøk av bedrifter som vi kjenner godt og har omtalt i mange samanhengar. Vi prøvde å ha fokus på lokale politikarar og lokale saker.
Det var også stor pågang av debattinnlegg i tida fram mot valet.
Sjølve valdagen, valkvelden og natta hadde vi planlagt godt og vi hadde full mobilisering. Alle i redaksjonen stilte opp og valdekninga vår vart lagt merke til nasjonalt. Vår vesle redaksjon publiserte nesten 40 artiklar valdagen og -kvelden:

Les: Valdekninga til FjT vart lagt merke til
Les: Nøye planlegging ga brei valdekning
Vi hadde rekordbesøk på nett dette døgnet. Spenning og dramatikk rundt konstitueringa etter valet, spesielt i Kinn kommune, førte til enormt mange artiklar i veka som følgde der det var mykje fram og tilbake før den endelege politiske kabalen om ordførar og kven som skulle samarbeide med kven var klar. Ei veke etter valet.

Mykje vêr: Også i 2019 var det mange orkanar og vindfulle døgn med store mengder nedbør i regionen vår. Dette førte sjølvsagt til mange utfordringar for mange. Kraftig vind skapte problem for trafikken. Båtruter og ferjer vart innstilt. Bruer var stengde og folk blei isolerte i lange periodar. Det har vore fleire ras og stengde vegar som følgje av det. Heldigvis er det ikkje snakk om at personar har blitt skadde. Sjekk ut under:
Sjå video: Stormfullt på havet
Sjå video: Sjekk desse monsterbølgene ved Kråknes
Organisering av helsevesenet: Organisering av helsevesenet i samband med omorganisering av Helse Førde og lokale tilbod. Det har vore debatt rundt kvaliteten på alle typar helsetenester. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulanse-drifta og talet på ambulansar ved ulike stasjonar, spesielt i Bremanger der Helse Førde hausten 2019 føreslo å ta bort ein ambulanse i ytre deler av kommunen. Det er også vore stort engasjement rundt organisering av lokale legevaktordningar. I Bremanger var det mykje debatt og folkeleg engasjement då det vart føreslått å legge ned helsestasjonen på Hauge i ytre Bremanger.

Samferdsle: Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema i 2019.
Det har vore, og er, stor debatt rundt trasé for kystvegen i ytre Nordfjord. Debatten har gått på om det skal byggjast bru ytst i Nordfjorden og kva alternativ trasé ein skal velje sør for Svelgen
Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. På kysten har det vore stort fokus på kommunikasjonar internt i nye Kinn kommune. Sommaren 2019 vart det etablert to nye hurtigbåtruter mellom Flora og Måløy.

Verdas første skipstunnel: Stad skipstunnel er under planlegging og prosjektering. Det har vore stor debatt rundt prisen på og samfunnsnytten av dette pionerprosjektet, ein 1.800 meter lang tunnel. Dette blir verdas første tunnel for skip som skal opne ei alternativ rute forbi det farefulle Stadhavet. I 2018 har det vore ein stor debatt etter at ein kvalitetsrapport konkluderte med at prisen aukar til 3,7 milliardar kroner og at enkelte meiner nytteverdien er liten. I forslag til statsbudsjett for 2020 så var det mange som håpa det låg inne pengar til oppstart i 2020. Men der låg det ikkje noko inne. Etter stort press frå kysten så kom det inn fem millionar kroner som skulle sikre at prosjektarbeidet ikkje skulle stanse opp.

Vanskeleg kommuneøkonomi: I dei fleste kommunane i vår region er det vanskeleg kommuneøkonomi. Det har ført til store debattar om kvaliteten på kommunale tenester og tilbod, nedlegging av skular og barnehagar. Vi har sjølvsagt følgd dei mange prosessane tett både i kommunale møter og gjennom intervju med sentrale aktørar og brukarar av tenester. Kommunane som skal slå seg saman til Stad og Kinn kommune etter 2020 har også trong økonomi og stor lånegjeld.
Nyvald ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen (Ap), er skuffa over at dei ikkje har fått meir pengar til å gjennomføre kommunesamanslåinga. Han vart også skuffa over forslag til statsbudsjett for 2020.

Kultur og sport: Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store delar av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette, og dette er eit viktig stoffområde for avisa.
Vi er tett på det som skjer med lokalfotballen. Vi følgjer dei lokale laga sjølv om dei fleste er i lågare divisjonar. I 2019 bestemte dei to største klubbane i Vågsøy, Tornado Måløy og Skavøypoll å starte eit felles elitelag på seniornivå.

I vårt område er det også mange spennande festivalar. Den største er Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Festivalen har fått mange prisar nasjonalt.

På Nordfjordeid har vi også Opera Nordfjord som har store oppsettingar kvart å som engasjerer både aktørar og publikum i heile Nordfjord.
Ein nyare festival er Strandfestivalen i Refvik som også har rukke å bli relativt stor på få år.

Ein etablert festival er The Norwegian Elvis-festival.

Problem for nytt krigsmuseum: Under eit år etter at kronprins Haakon opna det nye Måløyraidsenteret i Måløy sommaren 2018, så hamna det nye museet i økonomiske problem.
Det var i juni i år at Stiftelsestilsynet konkluderte med at heile det gamle styret i Måløyraidsenteret, minus eitt medlem, måtte avsettast. Det var konklusjonen etter at tilsynet hadde gått gjennom stiftinga og drifta av senteret. Tilsynet fann då grunn til å reise kritikk for manglande kontroll og styring av økonomien og finansiering av Måløyraidsenteret, ved iverksetting av store investeringar utan tilstrekkeleg finansiering. Mangel på budsjettering og finansiering har ført til at stiftinga Måløyraidsenteret då var i reell fare for å gå konkurs. Senteret var truga av konkurs. Etter mykje fram og tilbake så gjekk Vågsøy kommune og seinare Kinn kommune inn med midlar, og i smråd med kreditorar hindra ein at senteret gjekk konkurs.

Krim: Etter at politireforma vart innført og operasjonssentralen vart flytta frå Flora til Bergen 8. november i 2017, så er det spøkefullt sagt at det er slutt på kriminalitet her i fylket. Dette er dessverre ikkje rett. Det stadfestar regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende. Han seier politiet har like mykje å gjere etter 8. november i 2017. Politiet innrømmer at dei ikkje har klart å informere lokale media her i fylket godt nok om det som skjer så godt som dei gjorde før.
For Fjordenes Tidende er det viktig å formidle det som skjer, oppdrag som politiet er ute på og brotsverk som blir gjort - så snart vi kan. Dette har både ein opplysande og ikkje minst ein førebyggjande effekt. Vi trur at det er viktig å formidle kva som blir følgjene av brotsverk, at det er eit politi og rettssystem som straffar dei som bryt lovene om det er i trafikken eller andre stadar.


Lagar fleire magasin: Eigenproduserte magasin og temabillag er viktig bidrag til drifta av Fjordenes Tidende. Og vi meiner sjølve at vi er ganske gode på det. Gjennom året lagar vi 7-8 temamagasin retta mot større arrangement og høgtider. I desse magasina får lokalt næringsliv og kommunar profilere sine varar og tenester. Vi har også eit rikhaldig og variert redaksjonelt innhald om arrangementa og aktuelle hendingar og personar. Nokre eksempel:




