Nye kommunar og nye fylke
2019 var siste året med «gammalt» kart og gamle grenser. Etter tidlegare vedtak både om kommunesamanslåingar, fylkesreform og grensejusteringar, handla 2019 om førebuing til større og nye einingar for mange. Ved inngangen til 2019 fekk Stryn kommune tillagt ein liten del av Hornindal kommune, som følgje av grensejustering. Då året var omme, kunne stryningar og andre sjå vegvesenet sine nye skilt kome opp. Dei fortalde at folk no ville køyre inn i Vestland i staden for Sogn og Fjordane. Vestland erstattar Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Og sidan Hornindal gjekk saman med Volda kommune ved inngangen til 2020, vart grensa mellom Stryn og gamle Hornindal plutseleg grense mellom Stryn og Volda og mellom Vestland og Møre og Romsdal.
Samtidig som tilsette og nyvalde politikarar jobba med å byggje organisasjon og setje saman nye utval i nye Volda, var det fokus på avslutning av 140 års historie som sjølvstendig kommune i Hornindal. 5. desember slo den siste ordføraren i kommunen, Stig Olav Lødemel (H), ordføraklubba i bordet for siste vedtak. Sak 37/2019 vart den historisk siste saka i Hornindal kommunestyre. Saka fekk samrøystes oppslutning, og innebar ei løyving på 100.000 kroner til vidareføring av ættesoga i Hornindal.
Sølvi Dimmen (Sp) vart den første ordføraren i nye Volda kommune, etter ein valthriller der ingen visste heilt utfallet før kommunestyret var sett. Motkandidaten Stig Olav Lødemel gjekk inn i møtet i den tru at han ville bli vald. Måten forhandlingane mellom parti skjedde på tett oppunder ordførarvalet, skapte mykje uro og frustrasjon blant fleire av partia, medan andre sat nøgde tilbake.
Samferdsle på staden kvil
Kommunane i Nordfjord og Statens vegvesen har dei siste åra arbeidd med å planleggje den nye E39 mellom Grodås/Hornindal og Byrkjelo. Kommuedelplan for ny trase vart vedteken av to av dei tre samarbeidande kommunane, det vil seie Hornindal og Stryn, medan Gloppen motsette seg å behandle saka før dei fekk svar på kravet om å utvide til endå fleire alternativ på Byrkjelo.
Også rv 15 Strynefjellsvegen står på staden kvil. Regjeringa har sagt at dei går inn for å byggje ny lang tunnel til erstatning for dei tre eksisterande, men har ikkje kome opp med startløyving. Dermed held lobbyarbeidet fram med uforminska styrke.
Ulukker og stengd veg over fjellet grunna ver og skredfare har forsterka argumenta for snarleg løyving og byggjestart for ny Strynefjellstunnel.
Den tredje viktige vegstrekninga som skrik etter opprusting, er fylkesveg 60 frå Hornindal retning Stranda. Denne vegstrekninga er blitt Møre og Romsdal sitt ansvar, ettersom Sogn og Fjordane først dumpa prosjektet og Hornindal deretter slo seg saman med Volda kommune. Møre og Romsdal meiner vegstrekninga er viktig, og har førebels bidrege til å få fullført reguleringsplan for området.
Luftsport og ulukker
Gondolbana Loen Skylift og Hoven er blitt populært for mange, også utøvarar av luftsport. I juni sette Tom Erik Heimen ny verdsrekord i tal basehopp gjennomført på eitt døgn. Den nye rekorden er 66 hopp.
Dette var ein gledeleg sak. Berre nokre veker tidlegare hadde Hoven kravd sitt første liv. Ei ung jente omkom då speedglideren hennar trefte kabelen på gondolen og vart hengjande ei stund før ho fall i bakken. Noko sienare omkom ein basehoppar etter å ha hoppa ut frå Marsåhyrna ved Flo. Dødsfallet skjedde då han ramla i Oppstrynsvatnet under landing. Trass dei to ulukkene ville ikkje ordføraren i Stryn be om forbod mot luftsportsaktivitetar i området. Dette fekk han full støtte for frå eit samla luftsportsmiljø.
Sportsutøvarar i verdsklasse
VM i skiskyting vart tidenes beste for strynebrødrene Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. I Östersund stakk dei totalt av med 4 gull, 1 sølv og 1 bronse. Dermed tittelen Brødrene Bø «beste nasjon» i lokalavisa. Johannes Thingnes Bø blei også historisk då han vart den første skiskyttaren som tok 16 verdscupsigrar i same sesong. Han vann også verdscupen samanlagt.