Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong «fødsel», med mykje prøving og feiling, såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1.000 ab. Fjuken feira 30-årsjubileum i 2019, med spesialutgåver av avisa og markeringar elles. Fjuken held til i eige avishus, har eitt avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3.900 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen. Kring 1.500 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som «brevet frå heime».

 







Fakta
Samlet opplag 3879
Utgiversted Skjåk
Ansvarlig redaktør Hans Erik Kjosbakken (55)
Ottadalen, kommunane Vågå, Lom og Skjåk
Kommer ut Torsdagar
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1492
  • Redaksjonelle årsverk
  • 4
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • Antall kommentarer
  • Antall innlegg på nett
  • 153
  • Refuserte innlegg på nett
  • Antall leserinnlegg
  • 153
    Fjuken har i ein miniserie intervjua tre personar med psykiske utfordringar. Fleire enn vi trur slit med «usynlege» sjukdomar, og det er mellom oppgåvene våre å lyfte slike saker og tema fram. Den fyrste ut i denne serien var den kjende folkemusikaren Bjørn Kåre Odde.

    Mål og prioriteringar

    Fjuken skal vera den mest lesne avisa i dekningsområdet, både på papir og nett. Vi har tidlegare hatt undersøkingar som syner at vi har vore det, og har ei god husstandsdekning på papir i dei tre kommunane vi dekkjer; Vågå: 37 %, Lom: 76 % og Skjåk: 84 % (uoffisielle tal).

    Stadig fleire fylgjer oss digitalt, og over 60 prosent av komplettabonnentane har nå oppretta spid-brukar. Truleg har vi abonnentar vi ikkje hadde hatt om vi berre kom ut på papir.

    Vi er tett på lesarane, alle kjenner alle i nedslagsfeltet, og alle veit «kven» Fjuken er. Det kan like gjerne vera ei ulempe som ein fordel. Konkurransen med andre lokale medium og sosiale medium, gjer at vi heile tida lyt finne eigne gode saker. Samstundes skal vi ha søkeljoset på kva det offentlege driv med, og fylgje lokalpolitikken tett.

    Når det gjeld deling på Facebook er vi til ein kvar tid «på» for å luke ut upassande kommentarar.
    Mange av dei nye reiskapane vi har teke i bruk gjev oss moglegheit til å sjå kva lesarane verkeleg les, kva dei helst vil ha - og kva som ikkje blir lese.

    Fjuken skal spegle lokalsamfunna, både på godt og vondt. Vi har eit like stort ansvar for å syne fram dei positive sidene ved bygdene våre som dei negative, men frå lokalpolitikarane si side blir vi ofte oppfatta som negative.

    Fjuken skal gjeva lesarane opplevingar dei ikkje får andre stader. Med fleire andre medium i same dekningsområde, er det konkurranse om å vera fyrst ute med nyheiter. Her meiner vi sjølve at vi er nokså kjappe og er eit nyheitsmedium på nett. Alle sakene er også delt på Facebook, og mykje av trafikken kjem derifrå. Vi kjem ut med tre magasin i året, i tillegg til store aviser før jul.

    Legg til i min rapport

    Utfordringar

    Talet på abonnentar verkar å vera jamt stigande. Rekruttering av nye lesarar får vi berre gjennom å levere godt stoff, noko vi heile tida strebar etter å gjera.

    Vi trur ikkje at andre redigerte medium er den største konkurrenten, truleg heller ikkje sosiale medium. Den største utfordringa er kanskje at folk ikkje les i det heile teke. Det er òg ei utfordring å få med yngre lesarar

    Vi meiner å vera bevisste på talet på oppdateringar, på kva saker som blir mest lese - og klar over at desse sakene kanskje ikkje er dei journalistfagleg beste. Det er likevel ei utfordring å vera «på» døgnet rundt, med ressursane vi har. 

    Vi forsøker å sjå dei ulike plattformene, papir og nett, som eitt produkt for lesarane. Det eine skal ikkje vera betre enn det andre.

    Det kan vera utfordrande, i små kommunar som vi opererer i, at sentrale kommunale aktørar har ei oppfatning av Fjuken som negativ - avdi vi tek fatt i saker som kan vera vanskelege for kommmunen og som i sin tur kan føre til negative konsekvensar for innbyggjarane.

    Vi skal heile tida arbeide for at Fjuken skal bety noko for ottadølane. Det dei får i Fjuken, får dei berre der - og dei må lesa Fjuken for å få det.

    Legg til i min rapport

    Avisas samfunnsrolle

    Vi er medvetne ansvaret vi har for å gjeva lesarane god og sakleg informasjon – og elles godt lesestoff. Vi skal aldri bli tekne for å gje lesarane «fake news».

    Vi ser etter emne der vi kan gjera ein forskjell, og hadde mellom anna før jul ein «trilogi» der vi intervjua ottadølar som slit med psykisk helse.

    Næringslivssaker er stadig populære. Det å leggje ned butikkar eller etablere nye, er saker som blir lesne. Men, det er hendingsnyheitene, ulykkene, som dreg mest lesarar. 

    Mest lese på nett 2019

    (henta frå Tableu)

    1. Utforkøyring i Skjåk                                       12.618
    2. Trafikkulykke i Skjåk                                      7.946
    3. Blåljosaktivitet i Lom også onsdag kveld       6.682
    4. Omkom i bilulykke                                         5.790
    5. For fort i Vågå                                                5.640
    6. Kvinne henta av luftambulansen                   5.571
    7. Dei involverte i ulykka er frå Ottadalen        4.976
    8. Leiteaksjon igangsett i Lom                           4.917

    Totalt hadde vi over 4,5 millionar visningar mot 3,3 millionar i 2018.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg vurdering

    Vi har svært tett dialog i redaksjonen, vi er få og sit tett på kvarandre. Redaktør og journalisten i Vågå har kontakt fleire gonger dagleg. Kvar onsdag er alle samla i Bismo, og det er fellesmøte med alle tilsette kvar torsdag. Vi er med i LLAs avistevlingar og får ei uavhengig vurdering årleg. Vi deltek ikkje i Polaris sine tevlingar, der vi kjenner at vi ikkje har moglegheit å nå opp i nokon samanheng.

    Journalistane har alle moglegheiter til å delta på kurs, men finn ofte ikkje rom for å gjera det i ein hektisk kvardag. Etter at redaktør gjekk frå 100 prosent stilling som journalist har dei skrivande ressursane i praksis vorte redusert i Fjuken.

     

    Hans Erik Kjosbakken, ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport