Møre-Nytt

Dette var året då Møre-Nytt gjekk ned frå tre til to utgjevingar i veka, ei omlegging som er framtidsretta, men som mange av dei eldre lesarane ikkje var spesielt begeistra for. Men vi lova lesarane ei offensiv satsing på innhaldet i Møre-Nytt sine to plattformar: Papiravisa og nettavisa. Og det har vi halde. Økonomisk har 2019 vore svært godt. Det har vore positiv utvikling i annonsemarknad, brukarinntekter og opplag. Og brukarvanane endrar seg jamnt og trutt i retning meir digital lesing. 2019 var også året då rådmannen i Ørsta ba PFU vurdere om «avisa har misbrukt makta si til å sverte kommunen sitt omdøme.»





Fakta
Samlet opplag 0
Utgiversted Ørsta
Ansvarlig redaktør Svein Aam (59)
Ørsta og Volda
Kommer ut Tysdager og fredager
Daglige lesere totalt
10500
Daglige brukere på nett
5500
Daglige brukere på mobil
4700
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3584
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Redaktørens gjennomgang


    Møre-Nytt står sterkt i lokalsamfunnet. Ørstingane har alltid vore stolte av lokalavisa si, og vi som jobbar der kjenner ansvaret med å forvalte arven.

    Vi veit og at mange lesarar ikkje likar at dei vert tvinga til å endre avisvanane sine. 

    Medan andre aviser har gått ned frå tre til to utgjevingar i veka, har Møre-Nytt venta. Men i 2019 fann vi ut av tida var mogen for å ta steget.

    Før sommarferien gjekk redaktøren i Møre-Nytt ut med denne meldinga til lesarane:

    «Verda endrar seg. Vi kan late som ingenting og håpe det går over, eller vi kan førebu oss for framtida.

    Det er ikkje til å kome frå at dei som les aviser på nett vert stadig fleire, medan dei som berre les aviser på papir vert færre. Utviklinga skjer sakte, men sikkert. Det må vi innrette oss etter.

    Møre-Nytt er ikkje lenger berre papiravisa Møre-Nytt. Over 1000 av våre abonnentar har droppa papirutgåva, og les avisa på mobilen eller datamaskina. Dessutan har vi nettavisa morenytt.no, der vi legg ut sakene og nyheitene når dei er ferske. 

    Vi veit godt at mange framleis berre vil ha den gode gamle papirutgåva av Møre-Nytt, og det skal dei få. Papiravisene har vist seg langt meir slitesterke enn det dei digitale forståsegpåarane trudde, og papirutgåva vil vere mediehuset Møre-Nytt sitt flaggskip ei god stund til. 

    Men vi gjer ei endring, og kjem til å gi ut papiravisa to gonger i veka, og ikkje tre. Det er viktig å for oss å få fram at tilbodet til abonnentane ikkje vert dårlegare når vi gir ut avis to gonger i veka, i staden for tre. Tvert om: Innsparingar på trykking og distribusjon skal vi bruke til journalistikk, slik at det vert eit betre samla tilbod på nett og papir. Dermed kan vi og forsvare at abonnementsprisen ikkje vert endra.

    Vi lovar ei fyldigare papiravis to gongar i veka, tysdagar og fredagar. Dessutan skal vi satse meir på det digitale tilbodet gjennom nettavisa morenytt.no. 

    Verda forandrar seg. Det må også Møre-Nytt gjere. Vi gjer det for å stå endå betre rusta til å møte framtida, slik at Møre-Nytt skal vere der også for dei komande generasjonar.»

    Frå tre til to

    Sidan det har vore vanleg med to aviser i veka i sommarferien vart endringa først merkbar etter ferien. Det har kome ein del klager frå eldre lesarar, med i hovudsak har lesarane akseptert endringa. Det var heller ingen dramatiske utslag på opplaget.

    Redaksjonen la seg i selen for å halde lovnaden om fyldigare avis, forsterka med auka frilansbruk. 

    Fasiten ved årsskiftet viste at vi leverte like mange avissider i 2019 som i 2018. Samstundes har vi auka talet på publiserte saker på nett. På slutten av året låg plusslesinga på eit nivå som er tre gongar høgre enn ved inngangen til året. Dei totale lesartala på nett for heile året var 29 prosent høgare enn i 2018. Men samanlikna med andre aviser i konsernet er det ei framleis ei solid oppside når det gjeld lesing på nett.

    Nysatsingar

    Omlegginga frå tre til to papiraviser, og auka nettpublisering, har prega året. Vi har såleis ikkje hatt høve til så mange nysatsingar, men det kan nemnast at vi i desember hadde ein adventskalender med eit nytt miniportrett kvar dag. 24 personar med bakgrunn frå 24 ulike land, alle busette i vårt dekningsområde, fortalde om sitt forhold til jula. Samla sett vart dette eit vitnebyrd om mangfald og at vi er meir like enn ulike. Kalenderen «Mi jul» var laga av frilansar Oddhild Harman, og fekk mange gode tilbakemeldingar.

    Les: – Mi første julefeiring var her i Noreg

    Konkurransesituasjonen

    Møre-Nytt er i eit direkte konkurranseforhold med Møre, som kjem ut i Volda. Møre kjem framleis ut tre dagar i veka, og dette har dei brukt i ei offensiv marknadsføring i Ørsta.

    Møre-Nytt på si side har tru på sin strategi om å vere først og best, og våre slagord: Nummer ein i Ørsta- Volda og More nytt.no- nettavisa for Ørsta-Volda.

     

     



    Legg til i min rapport

    Samfunnsrolla til avisa

    I ei lokalavis er det høgt tempo og store krav til produktivitet. Dette svekkjer evna til å gå tungt inn i ressurskrevjande saker. Men Møre-Nytt er ikkje redd for å ta opp konfliktfylte saker. Og i fjor førte det oss opp i ein konflikt med rådmannen i Ørsta.

    Les om saka i Journalisten her.

    Bakgrunnen var fleire artiklar knytt til teknisk sektor i kommunen over tid. 

    Sakskomplekset omfatta tre ulike saker.

    1. Teknisk sjef slutta, og saksøkte kommunen. Sjefen for tekniske tenester i Ørsta tok eit års permisjon. Møre-Nytt skreiv at dette var knytt til ei bekymringsmelding om arbeidsmiljøet, og uro i seksjonen. I permisjonstida vart han sagt opp (slik han oppfatta det), og det førte til at han varsla søksmål mot kommunen. Det enda til slutt med eit forlik, ikkje lenge før rettssaka skulle ta til.
    2. Strid mellom politikarar og administrasjon. Det har lenge vore ei anstrengt forhold mellom administrasjonen i seksjon for tekniske tenester og politikarar i samfunnsutvalet, under leiinga av ein Frp-politikar.  Klimaks kom då ein einingsleiar skulda politikarane for lovbrot. Etter dette sa einingsleiaren opp stillinga i kommunen.
    3. Næringssjefen mot einingssjef. Saka byrja med at ein e-postkorrespondanse mellom næringssjefen, som også er Frp-politikar, og ein einingsleiar i seksjon for tekniske tenester. Korrespondansen vart lagt ut på kommunen si postliste. Her var det sterk ordbruk og antydningar om samrøre og rolleblandingar. Skuldingane førde til at næringssjefen vart sjukmeld.

    Kommuneleinga prøvde å legge saka død, men det vart ei ny runde i Møre-Nytt, utløyst av eit intervju med næringssjefen, etter at han kom tilbake frå sjukmeldinga. I bakkant av dette kontakta Møre-Nytt tidlegare ordførar, Sigbjørn Kvistad, som har hatt fleire oppdrag for KS mellom anna knytt til konfliktløysing. Han kom med kritiske kommentarar til korleis kommunen hadde handtert konfliktane i teknisk sektor.

    Etter denne artikkelen klaga rådmannen i Ørsta Møre-Nytt inn for PFU. På sine heimesider skreiv kommunen at klagen først og fremst var knytt til samtidig tilsvar, men rådmannen ba også PFU om å vurdere om avisa «misbrukar makta si ved å produsere ein artikkel som vil skade omdømmet til Ørsta kommune.»

    Sekretariatet i PFU meinte at artikkelen ikkje utløyste krav om «samtidig imøtegåelse» overfor rådmannen, og tilrådde forenkla saksbehandling. PFU følgde ikkje tilrådinga, og la opp til full behandling.

    Partane vart rutinemessig oppmoda til å innleie dialog for å finne ei minneleg ordning, noko Møre-Nytt tok initiativ til, og rådmannen gjekk med på. 

    Den minnelege ordninga vart kunngjort slik: «Partane er framleis usamde om det ligg føre brot på Ver Varsom-plakaten eller ikkje, men er likevel samde om at PFU-saka bør avsluttast. Redaktør i Møre-Nytt, Svein Aam, seier at avisa har lytta til kritikken frå rådmannen, og at dei vil stramme inn praksis for innhenting av tilsvar i saker med høgt konfliktnivå.»

    Det kunne her vore freistande å problematisere den delen av klagen som omhandlar det potensielle «maktmisbruket» frå Møre-Nytt si side.  Vi lar den ligge, sidan vi oppfattar klagen som ei personleg ytring frå rådmannen, og ikkje som eit uttrykk for den generelle haldninga i kommuneleiinga til journalistikken i Møre-Nytt.

    Sjølv om Møre-Nytt meiner vi ikkje har brote Ver Varsom plakaten, er det og ei påminning om at det kan løne seg å vere raus når det gjeld å innhente tilsvar i saker som beveger seg i grenseland i forhold regelverket for samtidig imøtegåelse.

     

    Legg til i min rapport

    Spørsmål frå stiftinga

    Kva er den viktigaste presseetiske diskusjonen de har hatt internt i 2019?

    Viser her til utgreiinga over om innhenting av tilsvar/ samtidig imøtegåelse. Her har redaktøren altså stramma inn praksis i saker med høgt konfliktnivå. I praksis betyr det at vi vil vere påpasselege med å kontakte alle partar som kan kan tenkjast å kjenne seg angripne av ein artikkel, sjølv om dei strengt tatt ikkje ville hatt krav på samtidig imøtegåelse. Ei lokalavis skal ikkje vere redd for å skrive om konflikter, men samstundes bør vi ikkje skape unødige konflikter gjennom måten vi arbeider på.

    Kva for retningsliner følger ein i redaksjonen for avpublisering av saker som er tilgjengeleg digitalt?

    Her er det ingen klare retningsliner. Det har vore nokre få tilfelle der saker er midlertidig avpublisert etter påstandar om faktafeil, eller der intervjuobjekt har meint seg feilsitert. Vi har også avpublisert bilete som er brukte som illustrasjonsbilete, fordi lesarar eller involverte har peika på biletet av ulike årsaker er upassande. Vi har også avpublisert saker på vår heimeside på Facebook, fordi det har kome grenseoverskridande kommentarar.

    Sosiale medium er i aukande grad viktige både som kjelder og som publiseringskanalar for redaktørstyrte medier. Kva for særlege utfordringar representerer dette?

    Det er ingen tvil om at sosiale medium representerer eit stort tilfang av kjelder. Hovudregelen vår er at vi kontaktar folk og ber om løyve til å gjengi ytringar, dersom det skal brukast fullt namn.  Det same gjeld bilete. Vi kan ikkje gjengi bilete, utan av bruk er avtalt, eller at fotografen har opna for bruk gjennom å dele bilete på ein av avisa sine kontoar i sosiale medium.

    Vi legg ut mange av våre saker på Møre-Nytt si Facebook-side, og dette fungerer som salsplakat. Det er og ein fin måte å skape debatt rundt sakene på, og det er mange gode og friske debattar og kommentarar. 

    Vi må passe på at det ikkje skjer overtramp i kommentarfelta og det kan vere utfordrande. Av erfaring veit vi at det er nokre saker som lett fører til overtramp i kommentarfelta, og vi let då vere å legge ut sakene. Det er eit dilemma sidan det kan vere saker som er viktige å nå ut med, slik som saker knytt til innvandring, også positive saker. 

     

    Svein Aam, ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport