Sunnmøringen

Sunnmøringen sitt primære dekningsområde er Stranda kommune, som omfattar bygdelaga Stranda tettstad, Geiranger, Liabygda og Sunnylven. Vi dekkjer hendingar gjennom papiravisa, som kjem ut ein gong i veka på torsdagar. Vi har òg ei nettavis som blir jamleg oppdatert i løpet av døgeret, med òg aktuelle saker frå nabokommunane til Stranda–som Hornindal, Norddal, Stryn og Stordal. Sunnmøringen var i mange år ei avis som kom ut to dagar i veka, onsdag og laurdag. I mai 2016 endra vi frekvens til ein gong i veka. Dette har frigjort ressursar i redaksjonen til fokus på nettarbeid, og har gitt eit fyldigare produkt på papir til våre lesarar. I 2018 sende Sunnmøringen til saman 1164 sider til prent, i tillegg til å ha ei oppdatert nettavis. Det kom i 2018 nokre spreidde tilbakemeldingar på frekvensendringa, men som hovudsak ser abonnentane ut til å vere nøgde med tilbodet. Det beste beviset på dette, er at talet på abonnentar aukar. Vi opplever òg at markedssida gjer det betre enn venta ved innleiinga til 2018. Redaksjonen har tre redaksjonelle tilsette, som inkluderer dagleg leiar/redaktør og to journalistar. Ved innleiinga til 2018 fekk Sunnmøringen eit redaktørskifte, då Renate Furre Henriksen-Sandvær tok over redaktøransvaret og konstituert redaktør Johan Behrentz gjekk inn i rolla som journalist. Avisa kan ikkje drivast med færre enn tre redaksjonelt tilsette. Grafisk arbeide og marknadstenester blir utført av faste medarbeidarar i Sunnmørsposten, og dette samarbeidet fungerer sømlaust. Sunnmøringen gav i 2018 ut to aviser som vart prenta i ekstra mange eksemplar: Sommaravisa 2017 og Vinteravisa 2018. Båe avisene vart distribuert i Stranda og omkringliggande kommunar til Stranda.

Fakta
Samlet opplag 1694
Utgiversted Stranda
Ansvarlig redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær (42)
Primært Stranda kommune med bygdelaga Stranda tettstad, Liabygda, Synnylven, Geiranger
Kommer ut Torsdag
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1164
  • Redaksjonelle årsverk
  • 3
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 28
  • Antall kommentarer
  • 2
  • Antall innlegg på nett
  • 50
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 120

    Mål og prioriteringar

    Sunnmøringen si rolle er å vere leiande og uavhengig nyhendeformidlar, både på papir og digitalt for alle som har tilknyting til Stranda kommune og indre Sunnmøre.

    Vi skal vere først og best på vår eigen banehalvdel, anten det gjeld viktige nyhende eller andre stoffområde som politikk, næringsliv, organisasjonsliv og idrett/kultur.

    Sunnmøringen ønsker å gi eit representativt bilete av det mylderet av aktivitet som til kvar ein tid skjer lokalt. Vi ønskjer å bygge identitet, og skape engasjement. Kommunen er prega av eit sterkt næringsliv, god styring på offentleg økonomi og av mange frivillige som gjer ein stor innsats for lokalsamfunnet. Alt dette skal Sunnmøringen spegle.

    Barn og unge er eit prioritert område for Sunnmøringen. I samband med «Avis i skulen» hadde redaktøren i 2018 stor glede av å vere på Sunnylven skule, for å orientere om avisarbeid. Vi tok òg imot elevar frå Liabygda skule på redaksjonsbesøk. Dette er noko vi òg vil gjere i 2019. Vi ser òg på moglegheitene for å få elevar inn i redaksjonen på arbeidsveke, og å få knytte kontakt i samband med Operasjon Dagsverk og liknande. Vi opplever at barn og ungdom er nyfikne på Sunnmøringen, og vår utfordring er å auke engasjementet i denne gruppa rundt avisa.

    Kommunesamanslåing er eit anna område vi har hatt fokus på i 2018, då både i samband med Fylkesmannen i Møre og Romsdal si tilråding om spesielt bygdelaget Liabygda og om Eidsdal/Norddal grendelag i Norddal kommune sitt ønske om å tilhøyre Stranda. Kommunesamanslåing har hatt fokus på leiarplass, mellom anna vekte ein leiar i Sunnmøringen om Norddal kommune åtgaum hjå Norddalsordføraren, som skreiv fleire lesarinnlegg til Sunnmøringen som svar. Sunnmøringen har på leiarplass gått inn for at Stranda kommune i framtida bør gå for kommunesamanslåing, men erkjent at det med fire bygdelag med vidt forskjellige interesser vil bli utfordrande. Stranda kommune er no i forhandlingar med Sykkylven om mogleg kommunesamanslåing etter positive vedtak i båe kommunestyra. Dette er ein prosess vi vil følge tett framover.

    Sunnmøringen har ikkje hatt røynsle med «falske nyhende», anna enn skjemtegaukar som prøvde å spreie vondsinna rykte om ein privat næringsaktør i Stranda. Rykta vart undersøkt av Sunnmøringen, og avkrefta ved sjølvsyn. Moglegheita til å opptre anonymt på ulike sosiale media mogleggjorde desse rykta. Kjeldekritikk ved anonyme tips er kritisk viktig, og er noko heile redaksjonen har eit stort fokus på. 

    Det Sunnmøringen derimot har gått i rette med, er å synleggjere uriktig argumentasjon i det offentlege ordskiftet. Vi faktasjekka påstandane både ved hjelp av offentlege dokument og intervju. Dette medførte sterk kritikk av Sunnmøringen og Sunnmøringen sin redaktør på sosiale media og skuldingar om at avisa driv politikk. Dette tok Sunnmøringen sin redaktør til motmæle mot i siste avis før jul i 2018 i ein kommentarartikkel.

    Mot slutten av 2018 medførte dette at Sunnmøringen ikkje får svar på våre førespurnader til eitt politisk parti i Stranda, men dette vil sjølvsagt ikkje stogge avisa frå å få uttale frå dette partiet i alle saker der det er relevant.

    I staden for å sjå på dei omkringliggande avisene som konkurrentar, har det vore eit uttalt mål for redaksjonen at vi heller vil samarbeide. I 2017 inngjekk Sunnmøringen avtale om stoffsamarbeid med dei andre Polaris Media-avisene på Nordvestlandet, noko vi ser ein liten redaksjon har stor nytte av. Vi har i fleire høve både henta inn og sendt frå oss stoff som ein følge av utvekslinga, og det har fungert godt. Vi har òg eit svært godt samarbeid med uavhengige aviser i området, som Storfjordnytt i Norddal/Stordal og Sykkylvsbladet i Sykkylven.

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Sunnmøringen si samfunnsrolle er å løfte fram viktige, lokale saker. Vi skal både synleggjere alt det positive som skjer lokalt, og ha eit kritisk blikk på det som er mindre bra.

    Sunnmøringen har i 2018 hatt kontinuerleg fokus på offentleg forvaltning, og har publisert fleire saker etter i utgangspunktet fått avslag på innsyn i dokument. Innsyn i offentleg forvalting er eit fokusområde for Sunnmøringen, og vi har som tidlegare år klaga inn Stranda kommune inn for Fylkesmannen for manglande dokumentinnsyn. Ingen av sakene er per tidspunkt avklarte. 

    Nytt i 2018 er at vi valde å klage Stranda kommune inn for Sivilombodsmannen, då vi opplever Fylkesmannen i Møre og Romsdal si handtering av innsynsklager som lite tilfredsstillande. Lang sakshandsamingstid er hovudårsaka.

    Gjennom året har vi tatt opp ulike kontroversielle saker, som vi har fått tilbakemeldingar på–både av positiv og negativ art. Sunnmøringen opererer i eit avgrensa dekningsområde, der alle kjenner alle. Men det skal ikkje hindre oss frå å skrive om saker som ikkje berre viser glansbiletet av Stranda-samfunnet. Det vi skal passe på, og ha kontinuerleg fokus på, er korleis vi omtaler kontroversielle saker.

    Sunnmøringen sitt samfunnsoppdrag er å vere pådrivar og synleggjerar for lokalt engasjement, men òg å vere lokal vaktbikkje. Vi har i prinsippet ikkje ei grense for kva vi kan omtale–men vi skal vere svært påpasselege med korleis vi omtaler.

    Sunnmøringen har eit sterkt etisk fokus og vi er nøye med å tilby samtidig imøtegåing og tilsvar jamfør Ver varsam-plakaten si fråsegn i punkt 4.14 og 4.15. Vi er samtidig svært merksame på at vi fjernar identifikasjonsmarkørar i rettsreferat.

    Det er ei rekkje menneske i dei fire bygdelaga i Stranda kommune som gjer ein uvurderleg innsats for lokalsamfunnet. Vi har gjennom året løfta fram fleire døme på slik frivillig innsats–mellom anna innsatsen til Stranda sentrumsforeining, engasjementet til ulike eldsjeler og lag/organisasjonar. Vi er sjølvsagt på plass når det er Hellesyltdagar, Strandalaurdag og andre arrangement rundt om i bygdelaga. Utdelinga av Frivilligprisen i Stranda får brei omtale i Sunnmøringen.
    I 2018 har vi hatt kontinuerleg fokus på næringslivet, som tidlegare. Næringslivet i Stranda gjer det bra, og næringslivsjournalistikk er noko våre lesarar set pris på. Vi har hatt fleire reportasjar frå lokale verksemder i Stranda, og har opplevd gode tilbakemeldingar og stort engasjement spesielt på nett rundt desse reportasjane. 

    Flakk-gruppa sine hotellplanar på Hellesylt er eit konkret døme på ein sak som skapte stort engasjement. I samband med planane for nytt hotell i Hellesylt vart det klart at det i planane inngår at gamle Grand hotell skal rivast, noko som førte til mange engasjerte lesarinnlegg i Sunnmøringen.

    Frå nett til papir

    Det er ingen grunn til å leggje skjul på at Sunnmøringen i 2018 hadde ein utfordrande situasjon, i og med at vi gjekk med underbemanning store delar av året. Fokuset gjekk av denne grunn frå nett til avis, noko som har gitt utslag på nett-trafikken på nettavisa.

    På den andre sida auka vi talet på produserte avissider i fjor, og med ei forbetring i forholdstalet mellom annonsar og redaksjonell tekst. Annonsemengda har auka, og vi har samtidig opplevd ei auke i talet på abonnentar.

    Grunnen til dette, er at vi trass bemanningssituasjonen har klart å levere relevant og god journalistikk til våre lesarar. 

    Nettløysinga til Sunnmøringen har eksistert i fleire år, og har som hovudsak vore open. Vi har i dei siste åra gått over til å tilby fleire lukka saker for våre abonnentar, gjennom det vi kallar pluss-løysingar. I desse sakene har vi moglegheiter for å skrive større saker og å leggje ut video. Biletseriar blir òg i hovudsak presentert som tilbod for abonnentar via pluss-løysinga.

    Nesten alle våre abonnentar har registrert seg som SPiD-brukarar, men bruker likevel ikkje løysinga. Gjennom året har vi i redaksjonen hjelpt brukarar som har hatt ulike vanskar med løysinga, men betrakteleg færre enn i 2017. Førespurnader til redaksjonen har i stor grad dreidd seg nettopp om abonnementsspørsmål/SPiD og annonsar. 

    Forskjellen i nett-trafikk på opne og lukka saker er påtakeleg, og ganske naturleg. Det er likevel ikkje tilfredsstillande. Utfordringa er framleis å få fleire av våre abonnentar til å bruke pluss-løysingane. I 2018 har vi sett ei gledeleg utvikling på sal av digitale abonnement. Spesielt næringslivssaker sel godt digitalt, men òg eit engasjerande ordskifte.

    Facebook er viktig for å merksemd om våre saker, men det er ikkje den einaste plattforma vi spreier våre nettsaker på. Både Sunnmørsposten og dei andre nettavisene i Polaris Media Nordvest er viktige kanalar for å nå breitt ut.

    For å halde og drive trafikken på nett, er det viktig å vere «på» ved hendingar. Det kan ein konkret sjå på våre ti mest leste saker–der er det i hovudsak hendingsnyhende som er mest lest, og då primært opne saker. Samfunnsinformasjon som vegstengingar, vassbrot, straumbrot og liknande blir publisert som opne saker. 

    Vi har hatt eit differensiert tilbod på nett og i avis i 2018. Saker frå avisa har ikkje blitt publisert på nett, og omvendt. Effekten av dette har vore noko usikker, men redaktøren er framleis av den oppfatning at ein må tilby meirverdi for lesarane ved å synleggjere at komplett-tilbodet er eit tilbod der abonnentane får mest for pengane. Ei differensiert løysing vil òg tene som motivasjon for å få fleire til å nytte SPiD-løysinga som ligg i abonnementa.

    Bemanningssituasjonen i Sunnmøringen store delar av året gjorde at arbeidet med konkrete planar for jamn digital publisering stogga opp. Avisa tilsette mot slutten av året to journalistar i redaksjonen, som styrker vår digitale satsing framover.

    Mot slutten av 2018 vart det utarbeidd ein digital publiseringsplan, som skal innarbeidast i redaksjonen utover 2019. Denne planen vil sikre ein jamnare flyt av oppdateringar på nettsida gjennom dagen, med 50 prosent lukka saker.

    Legg til i min rapport

    Mest lest

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Det har ikkje vore halde kurs for journalistane i Sunnmøringen i 2018, men det vil bli gjort konkrete tiltak for kompetanseheving for redaksjonen i 2019. Kompetanseheving og kursing er eit område som er prioritert frå redaktøren.

    Etikk

    Sunnmøringen vart i 2018 meldt til PFU i eitt høve. Som i 2017 var klaga frå ein lesarskribent som meinte seg sensurert av Sunnmøringen, fordi vi refuserte fleire av lesarinnlegga frå vedkommande. Saka vart avvist av Pressens Faglege Utvalg (PFU), då det er redaktøren sin rett å refusere lesarinnlegg jamfør Redaktørplakaten.

    Samtidig har vi blitt skulda for brot på god presseskikk, då vi redigerte eit innsendt innlegg til lesarsidene i Sunnmøringen. Dette vart avvist av redaktøren, med tilvising til Redaktørplakaten og redaktøren sitt ansvaret for alt innhald i Sunnmøringen.

    Sunnmøringen sitt dekningsområde er stort i geografi, men lite i folketal. Redaksjonen må difor av og til gå nokre ekstra rundar før vi publiserer, spesielt i kritikkverdige saker eller saker som gjeld kriminelle forhold. I ein konkret sak valde vi å anonymisere kjelder for å minske belasting ved medieomtale, men då sjølvsagt med ekstra fokus på kjeldekritikk ved publisering.

    Vi er tett på kjeldene i ei lita bygd, og samtidig ein del av lokalmiljøet. Det er viktig at redaksjonen opptrer på ein måte som ikkje set tvil om vår uavhengige rolle. 

    Sunnmøringen har opplevd å få oppmodingar om å ikkje publisere saker. Vi har òg opplevd forsøk på styring av kva saker vi publiserer, og oppmodingar om å gjere reine reklametekstar. Dette blir konsekvent avvist. 

    Sunnmøringen har òg blitt skulda av ulike politiske aktørar for å ta «side» i den offentlege debatten. Dette avviser Sunnmøringen sin redaktør kontant. Sunnmøringen har på leiarplass oppmoda til eit rederleg offentleg ordskifte, og kjem til å fortsette med dette utover i 2019.

    Både Redaktør-plakaten og Ver varsam-plakaten er trygge hamner for ei lokalavis i eit lite lokalmiljø når vi opplever press. Vi er uavhengige, og vi skal bli verande uavhengige. Vi skal opptre på ein måte som er ryddig, med eit klart etisk fokus. Slik skal vi skilje oss ut på ein positiv måte frå andre publiseringskanalar som ikkje er redaktørstyrte.

    Kritiske refleksjonar

    Sunnmøringen har ein liten redaksjon, samtidig som vi har eit stort geografisk dekningsområde med fire bygdelag i kommunen. Dette byr på utfordringar. Spesielt dekninga av hendingar i bygdelaget Geiranger er utfordrande, då det tek halvanna time frå redaksjonskontora å kome seg til bygdelaga. Dekninga av Geiranger har blitt prioritert på viktige område for bygda, først og fremst kva gjeld turisme og utarbeiding av reguleringsplan for bygda. Tilkomsten til Geiranger er utfordrande både på vinterstid og på sommartid. Vinteren grunna rasfarleg veg, sommaren grunna tett trafikk i området. Vi må òg framover prioritere strengt ved reportasjereise til Geiranger, rett og slett grunna tidsbruk.

    Sunnmøringen har hatt ei veldig auke på talet på lesarinnlegg, både på nett og på papir. Dette er svært gledeleg, og i tråd med redaktøren sitt medvitne arbeid for å stimulere det offentlege ordskiftet mellom anna med synspunkt i leiaren. Vi har òg hatt mange saker gjennom året som har skapt stort engasjement–mellom anna hotellplanane på Hellesylt, framtida til Stranda vidaregåande skule og kommunereforma.

    Fokusområdet hjå Sunnmøringen er ikkje graveprosjekt. Det er vi for små til. Men vi stiller oss opne for samarbeidsprosjekt med andre redaksjonar i større prosjekt. Sunnmøringen sit med stor lokalkunne om Stranda. 

    For Sunnmøringen er det kontinuerleg fokus på digital utvikling og oppfølging av det mylderet av aktivitet som gjeld framover. I 2018 var det fleire tilfelle der vi ikkje var tilstrekkeleg på, igjen grunna mangel på ressursar, og det gav konkrete utslag i redusert nettpublisering og tilhøyrande nedgang i nett-trafikken. Spesielt helgevakt-avvikling viste seg utfordrande delar av året i 2018.

     

    Renate Furre Henriksen-Sandvær

    Ansvarleg redaktør 

    Sunnmøringen

    Legg til i min rapport