Vestlandsnytt

Vestlandsnytt har vore gjennom eit aktivt og gjevande avisår. 2019 representerte for vår del auka opplag, fleire lesarar totalt sett og eit solid økonomisk resultat. Vi likar dessutan å tru at kvaliteten på vårt produkt betrar seg. Framleis pregar offshorekrisa delar av det lokale næringslivet, men jamt over dekkjer vi eit område med stor aktivitet på dei aller fleste felt.

Fakta
Samlet opplag 0
Utgiversted Fosnavåg
Ansvarlig redaktør Endre Vorren (50)
Sande og Herøy kommunar, MR
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
9700
Daglige brukere på nett
2900
Daglige brukere på mobil
2200
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 2800
  • Redaksjonelle årsverk
  • 4
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringar

    Målet vårt er at det er gjennom Vestlandsnytt folk i vårt område skal finne nyheiter og den viktige samfunnsdebatten. Ei delmålsetting eller lovnad som vi heile vegen arbeider for å halde, er at det som står i avisa, skal vere til å stole på.

    Gjennom 2019 fekk vi utvikla vår nye UNG-satsing, redaksjonelle saker som er særskilt retta inn mot aldersgruppa 12 – 20 år. Vi opplever gode tilbakemeldingar her. Ungdomen veit om oss og er aktive bidragsytarar. Nettavisa, som vi er relativt ferske på, gjennomgår stadig utbetringar, og blir meir og meir viktig både for oss og lesarane. Likevel held vi framleis godt tak i papiravisa, som kjem ut to gongar i veka og framleis vil gjere det i overskodeleg framtid.

    Topp fem mest leste PLUSS-saker 2019

    1. Vi forventar det verste (2.760)
    2. Fotballtrenar fengsla (2.543)
    3. «Hotellmøtet» etter valet (2.346)
    4. «To prosent sjanse» (2.008)
    5. Helen Espeseth stenger (2.000)

    Topp fem mest leste opne saker 2019

    1. Kvinne overfallen av to menn (11.340)
    2. Kvinne omkom etter tak-kollaps (8.556)
    3. Valresultatet for Herøy og Sande (8.152)
    4. Redda av Mork (7.372)
    5. Bilulukke på Herøybrua (6.971)
    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Vi skal kombinere både det å ha eit kritisk søkjelys på det som skjer i lokalsamfunnet, med å – når det er på sin plass – vere ein patriot på vegne av vår region. Vi speglar nyheitsbildet lokalt nærast døgnet rundt, etter at vi har innført nettavis. Det er også noko lesarar og publikum i dag etterspør.

    Kva, kvifor, korleis og til kva pris? På bekosting av kva? Det er spørsmål vi har peika ut som viktige ikkje minst innan offentleg forvaltning, og her skal vi bidra til å få fram svara. I ei mindre lokalavis er fokus naturleg nok lokalt, men på enkelte felt har vi også lyfta fram saker som er av regional og jamvel nasjonal interesse. Til dømes saka om Havbruksfondet og store utbetalingar til anlegg som ikkje har vore i drift på årevis.

    Det å fortelje historier, snakke med folk og dele samtalar med publikum, kan også reknast som litt av samfunnsoppdraget. Å lyfte fram dei «små», vere eit talerøyr for dei mindre ressurssterke, slik at det ikkje berre er maktfolk som kjem fram og/eller blir høyrde, høyrer óg til vår oppgåve.

    Legg til i min rapport

    Stiftinga sine tre spørsmål

    Hva er den viktigste presseetiske diskusjonen dere har hatt internt i 2019?

    Eg kan trekkje fram ei spesiell sak som vekte mykje merksemd lokalt, regionalt og endå vidare ut. Ein relativt godt kjend person som arbeider mellom anna med ungdom vart arrestert av politiet, mistenkt for handlingar av seksuell karakter. Spørsmålet vi umiddelbart stilte oss, var korleis vi skulle presentere denne saka. På den eine sida har vi ei plikt til å omtale slike saker. Men utfordringane var fleire: Personen var sjølvsagt ikkje dømd for nokon av handlingane, og korleis skulle vi omtale dette utan at det for publikum er innlysande kven vi skriv om? I eit lokalsamfunn er det oftast slik at dei fleste som arbeider i framskotne posisjonar er kjende for eit fleirtal av publikum (alle kjenner alle).

    Vi landa på ei anonymisering av vedkomande, men utfrå vår samfunnsrolle var det samstundes viktig at nokre av detaljane i saka kom fram. Anonymisering og det å ta med eit fornuftig utval detaljar er ei avgjersle som seinare vart styrka av det faktum at delar av siktinga frå politiet vart trekt, og personen vart sett fri frå varetektsfengsel. Den alvorlege saka er framleis under etterforsking.

    Hvilke retningslinjer følger man i redaksjonen for avpublisering av saker som finnes tilgjengelig digitalt?

    Vi har relativt kort erfaring som nettavis. Det er ikkje innført eit eige regelverk for avpublisering av saker. Det har likevel skjedd at saker har blitt avpubliserte, men berre ved eitt eller to høve. Feil tilnærming til saka eller oppfatning av det korrekte, var her bakgrunnen. Men generelt avpubliserer vi ikkje saker. Enkle rettingar i saker kan likevel førekome. Då helst språklege.

    Sosiale medier er i økende grad viktige både som kilder og som publiseringskanaler for redaktørstyrte medier. Hvilke særlige utfordringer representerer dette?

    Vi brukar sosiale media i marknadsføringa av våre artiklar på nett, og finn denne trafikken som viktig for oss. Ikkje minst på bakgrunn av at at hadde fleire tusen Facebook-følgjarar før vi etablerte nettavis. Ei av utfordringane er at vi dermed får endå eit kommentartorfelt å fylgje med på (vår FB-side). Her «les» vi publikum gjerne slik at vi på førehand veit kva saker (og kommentatorfelt) som er viktig å halde eit ekstra vake auge med. Kan elles nemne at vi på UNG-satsinga vår har ein eigen kommunikasjonskanal på Snapchat overfor ungdomen.

    Når det gjeld sosiale medium som kjelder, er det ein fin arena å finne ut kva folk er opptekne av, kva som er veldig aktuelt. Når det gjeld slike medium i relasjon til oss, opplever vi likevel at dei aller fleste skriv og oppfører seg innanfor det ein kan definere som «vanleg folkeskikk».

     

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Vi er ein liten stab, men stadig i fagleg utvikling og opplæring. To av journalistane har i 2019 drive med journalistfagleg tilleggsutdanning ved sida av jobben. Journalistar har også vore på NJ sine samlingar gjennom året.

    I tillegg til dette har vi investert i filmkamera, og her trengst det opplæring i redaksjonen. Også innan fotofaget er det rom for kompetanseheving.


    Etikk

    Vi har ikkje hatt PFU-klager mot oss i 2019. Det har ikkje mangla på etiske problemstillingar eller utfordringar, mellom anna ei spesiell sak som blir omtala nærare under Stiftelsen sine spørsmål. Generelt kan det nemnast at i saker knytt til jus/domstol, kan vere utfordrande for ei mindre avis i kor stor grad ein skal gå i detalj. Det blir vurderingar sak-til-sak. 

    Når det gjeld kritikk og høve til å kome med motsvar/samstundes imøtegåing jobbar vi også for at ting skal vere på stell. Ei klassisk utfordring kan vere lesarinnlegg der det vert retta kritikk. Kva tid har motparten krav på samtidig imøtegåing?

    Falske nyheiter eller forsøk på spreiing av slike har vi ikkje noko konkrete døme på gjennom året som har gått. Men: Når det gjeld lesarinnlegg kjem det fram ein del informasjon som ikkje alltid er like enkelt å kontrollsjekke. Her kjem det – til dømes om klimadebatten – stundom fram synspunkt som er ei blanding av fakta, ikkje-dokumenterte påstandar og synspunkt. 

    Samstundes prøvar vi å vere bevisst – meir enn før – på at falske nyheiter kan førekome. Som nemnt i tidlegare rapportar er det her lokalavisa sin lokalkjennskap og -kunnskap kjem til sin rett. Det vil nok vere lettare å oppdage slikt i ei lokalavis enn i større medier der ein i sterkare grad omtalar tidlegare ukjende forhold og saker.

    Innan kjeldebruk er det gjerne ei klassisk utfordring med mange som går att. Ordføraren, bedriftsleiaren, kommunalleiaren eller rett og slett typiske påverkarar som meir enn andre er «på» avisa med tips, gjerne blanda med synspunkt. Det er viktig med ein variasjon av kjelder. Her er vi ikkje flinke nok, men det er heller ikkje noko kvikk-fiks på dette. Å gå meir frå einkjelde- til fleirkjeldebruk er noko vi jobbar med, men for småaviser som oss vil tidspress ofte føre til at vi må hoppe bukk over ein del «fine målsettingar».

    Prisar

    Vi har aktive og dyktige tilsette. Vestlandsnytt-journalistar fekk to prisar på NJ Møre og Romsdal sitt årsmøte: Heiderleg omtale, feature, Josefine Spiro, Fotoprisen, Bjørnar Torvholm Sævik. Spiro fekk dessutan prisen for «Årets klubbleiar» i NJ sentralt. Dette er inspirerande både for dei tilsette og Vestlandsnytt som avis, og må reknast som ei aldri så lita stadfesting på god fagmessig jobbing i fleire ledd.

     

     

    Endre Vorren

    Ansvarleg redaktør

    Vestlandsnytt

    Legg til i min rapport