Vikebladet Vestposten

I 2019 var det nitti år sidan Vikebladet vart starta i Ulsteinvik. Det var også tretti år sidan Vikebladet og Vestposten vart slått saman til éi avis. Og i 2019 reduserte avisa utgåvefrekvensen, frå tre til to dagar i veka. Det skjedde i slutten av mai, og vi gjorde det med djup respekt for den sterke posisjonen Vikebladet Vestposten har på Hareidlandet. Å drive lokalavis har vore og er framleis eit samspel mellom lesarar, annonsørar og oss som jobbar i avisa. Men folk sine medievanar har endra seg mykje dei siste åra. Svært mange av lesarane våre ventar å få siste nytt på vikebladet.no, dei finn seg ikkje i å måtte vente 2–3 dagar på papiravisa for å få vite at Eiksundtunnelen har vore stengd eller at Hødd har fått ny trenar. Vi må vere klare til å levere nyheiter på nett heile døgnet, året rundt. Samstundes veit vi at avisa har mange abonnentar som ikkje er digitale, at mange er avhengige av papiravisa for å få informasjon. Difor var målet at frekvensendringa ikkje skulle føre til mindre redaksjonelt innhald. Målet vårt er å levere minst like mykje innhald som no, men samla i to og ikkje tre aviser. Frekvensendringa vart godt motteken, tilbakemeldingane frå lesarane tyder på at dei set pris på lokalavisa er fyldigare enn før. 2019 vart igjen eit godt år når det talet på abonnentar, og vi opplever at avisa framleis har stor verdi og gjer ein viktig jobb i lokalsamfunnet. På nyheitsfronten var nok 2019 eit år på det jamne, der Karsten Warholm sitt andre VM-gull nok blir ståande som den største enkelthendinga.

Fakta
Samlet opplag 0
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Linda Eikrem (48)
Hareid og Ulstein
Kommer ut Til og med veke 20 i 2019: tysdag, torsdag og laurdag. Frå og med veke 21 i 2019: tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
10200
Daglige brukere på nett
5400
Daglige brukere på mobil
4000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3652
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet. Målet er å setje dagsorden, ha saker som engasjerer innbyggarane og la flest mogleg få kome til orde.  Målet er også å spegle det mangfaldige samfunnet vi dekkjer, det gjeld både næringsliv, kulturliv og samfunnsliv. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, men vi skal også fortelje suksesshistoriene om dei som lukkast. 

    Vi skal vere nær lesarane våre og senke terskelen for å snakke i lokalavisa. Vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter, og på nett skal vi halde fram med å vere den største nyheitsportalen på Søre Sunnmøre. Målet er å få endå fleire av lesarane til å bruke det digitalet tilbodet vi har, og sjølvsagt også å få nye lesarar.  Målet er også at det lokale næringslivet skal annonsere i avisa, både på papir og digitalt- men vi ser at stadig fleire vel til dømes sosiale medium som Facebook og Instagram for å fortelje om tilbod og kampanjar.

    Det er ikkje alltid vi klarer å leve opp til desse måla. Redaksjonen er liten og sårbar for fråvær/sjukdom, og det er slett ikkje alltid vi rekk over alt lesarane ventar vi skal rekke over. Produksjonstempoet er oftast høgt og gir lite rom for å jobbe lenge med sakene.
    Uansett: Vikebladet Vestposten skal vere eit “must” for dei som bur i Hareid og Ulstein, vi seier gjerne at det skal vere litt irriterande å ikkje abonnere på avisa. 

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Ifølgje Ver Varsam-plakaten er samfunnsoppdraget tredelt: vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet.

    Lokalavisa skal gje lesarane noko å prate om, vere noko innbyggarane har felles. Det forpliktar. På vikebladet.no ser vi at lesarane ventar at vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter. Er det til dømes brannutrykking, ser vi at lesartala sprett i vêret. I tillegg til å følgje politi, vegtrafikksentralen og 110-sentralen på twitter, er vi avhengige av tips og sosiale medium for å få med oss slike hendingar. Lesarane våre er flinke til å tipse og sende bilde, og det er spesielt gledeleg at også unge menneske ser ut til å ha eit aktivt forhold til avisa. Også i 2019 var saker som handla om ulukker, leiteaksjonar, ferjetrøbbel og lovbrot mellom dei mest lesne på nettsida vår. 

    Vikebladet Vestposten følgjer lokalpolitikken tett og det er eit stoffområde lesarane set pris på. Det viste også lesartala under kommune-og fylkestingsvalet hausten 2019, sjølv om valkampen bar preg av stor semje mellom partia og svært få konfliktsaker. 
    Vi har journalist på alle formannskaps- og kommunestyremøte i både Hareid og Ulstein, og vi meiner det er viktig å følgje med på dei som bestemmer i kommunane og å fortelje lesarane kva som vert sagt og avgjort på desse møta. Vi opplever at mange av lesarinnlegga handlar nettopp om saker som vert behandla av administrasjon og politikarar i dei to kommunane. 
    Både Hareid kommune og Ulstein kommune har eigen informasjonsmedarbeidar, og vi ser at det framleis er viktig å ha ei uavhengig avis med fritt kjeldeval og kritisk blikk på dei som sit med makta. Diverre skjer det stadig at maktpersonar prøver å påverke måten artiklar blir vinkla på, til dømes er det mange som ventar at lokalavisa kun skal skrive om det som er positivt. 

    Som lokalavis er det også viktig å la så mange som mogleg frå dekningsområdet vårt få kome til orde, dette gjeld både som intervjuobjekt, på kommentarplass og gjennom lesarinnlegg. Også i 2019 hadde vi i kvar laurdagsavis/fredagsavis ein kommentar frå ein ekstern skribent. Fleire av dei var ungdomar, den yngste femten år gamal. Vi har også i fleire reportasjar intervjua asylsøkjarar og flyktningar i kommunane Hareid og Ulstein.

    Å fortelje om det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, er også ein del av oppdraget. Det gjorde vi i tett samarbeid med Sunnmørsposten i Øvrelid-saka. Fem søsken fortalde om fysisk og psykisk mishandling i oppveksten i Hareid og Ulstein på 1960-, 70- og 80-talet. Mange visste, men ingen greip inn for å hjelpe, fortalde søskena, som har saksøkt dei to kommunane. I fleire artiklar sette Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten søkjelys på ulike sider ved saka, og inntrykket vårt er at dette var den enkeltsaka i 2019 som førte til størst engasjement i lokalsamfunnet: «alle» las og diskuterte, og saka var tema både i lokalpolitikken og offentlege instansar som politiet og helsevesenet. I februar i år skal Sunnmøre tingrett avgjere om erstatningssøksmålet frå søskena er forelda eller ikkje.

    I tillegg kan det nemnast at vi i 2019 hadde eit eige bilag i samband med Smak av Ulstein, bilag om Trebaatfestivalen, og at vi samarbeidde om temasider om hus, heim, hage og interiør med Møre-Nytt og Vestlandsnytt. I samband med 100-årsjubileet til IL Hødd, hadde vi også fulldistribusjon i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande med temasider om klubben. 
    Legg til i min rapport

    Mest lesne saker

    Dei meste lesne, opne sakene i 2019
    1. Ein person død etter ulukke i Eiksundtunnelen (21.696 sidevisningar)
    2. Mann funnen død i fjæra (10.990 sidevisningar)
    3. Rette svar og namn på vinnarar i adventskonkurransen (10.796 sidevisningar)
    4. Sjå valresultatet i Ulstein (9.406 sidevisningar)
    Pluss-sakene med flest lesarar i 2019
    1. Ringer inn ny æra med skip til to milliardar kroner (2259 unike brukarar)
    2. Avklaring i Ulstein (2253 unike brukarar)
    3. Å lide for døve øyre (2240 unike brukarar)
    4. Gabriella, Daniella og Isabella vart døypte i Ulstein kyrkje (2160 unike brukarar)
    5. Onkelen vart redninga for Christoffer (1930 unike brukarar)
    6. Å gje slepp på ein draum (1871 unike brukarar)
    7. Namngir overgrepsdømt i Facebookinnlegg (1870 unike brukarar)
    8. Fire parti i samtalar om makta i Hareid (1836 unike brukarar)
    9. Store skader på tunnelveggen (1806 unike brukarar)
    10. Søkjer etter ny rektor (1751 unike brukarar) 

     

     

    Legg til i min rapport

    Svar på spørsmål frå stiftinga

    Kjeldebruk

    Det er ikkje til å skjule at dei tilsette i redaksjonen har eit stort produksjonspress og oftast kort tid til deadline. (Deadline er forresten heile døgnet, sidan nyheiter skal ut på nett så fort som råd.)  Utan å ha ført statistikk, er det nærliggande å slå fast at det er flest menn som vert intervjua i Vikebladet Vestposten. Årsaka er nok at det er flest menn i leiande posisjonar i Hareid og Ulstein, til dømes er begge ordførarane menn. Dei fleste næringslivsleiarane er menn, men i kommunane er det fleire kvinner som er einingsleiarar. Så ofte har vi ikkje anna val enn å ty til menn som kjelder. 

    Står valet mellom ein mann og ei kvinne i til dømes eit portrettintervju, vel vi ofte kvinna. I tillegg har vi eit mål om å nå fleire i aldersgruppa 20-45 år og har dei siste åra leita medvite etter kjelder i den alderen.
    Det som kanskje er vår største utfordring, er å få ned talet på einkjeldesaker. Det handlar mykje om å ta seg tid til å leite etter minst ei kjelde til. 

    Kva er den viktigaste pressetiske diskusjonen de har hatt internt i 2019?

    Her er det nærliggande å trekkje fram saka om han som vart ordførar i Hareid etter lokalvalet hausten 2019, Bernt Brandal. I løpet av valkampen fekk vi fleire tips om at Brandal vart straffedømt for mange år sidan. Før valet i 2019 hadde Brandal bak seg ein periode i Hareid kommunestyre, og stilte no som ordførarkandidat. Fortida hans hadde ikkje vore tema i Hareidspolitikken før valet, og heller ikkje brukt av politiske motstandarar i diskusjonar i valkampen. Men folk snakka og rykta gjekk. 

    Diskusjonen i redaksjonen gjekk på om vi burde ta tak saka eller ikkje då det viste seg at han kom til å bli ordførar. 

    Det som talte imot å omtale fortida hans, var at Brandal hadde gjort opp for seg for lenge sidan: den rettskraftige dommen kom våren 2001. Der vart han dømt til fengsel i eit år og inndraging på 250.000 kroner for fiskejuks og underslag. Var det nødvendig å rippe opp i ei sak som var opp og avgjort for lenge sidan? Det er eit lite samfunn, burde omsynet til Brandal og familien hans vege tyngst? Kunne ein omtale i avisa øydelegge sjansen hans til å bli ordførar?

    Det som talte for å lage ei sak, var at Brandal no skulle i gang med det høgaste tilltitsvervet ein politikar kan ha i ein kommune: å vere ordførar. Kunne innbyggarane stole på ein politikar som er dømd for juks og underslag? Kunne Brandal fungere som ordførar når folkesnakket gjekk? Og visste dei andre samarbeidspartia og kommuneadministrasjonen om dommen?

    Vi landa på at vi ikkje kunne la vere omtale fiskejuksdommen mot den nye Hareidsordføraren. Lokalavisa er den næraste til det, sjølv om det kunne kjennest ubehageleg. Det viste seg at Brandal hadde venta på den telefonen frå lokalavisa. Han hadde også fortalt samarbeidspartia, familien og kommuneadministrasjonen om dommen.

    Og han ville la seg intervjue.

    Etter at intervjuet var publisert, fekk vi ein god del reaksjonar frå lesarane. Nokre meinte det var totalt unødvendig av oss å dra fram den gamle saka, medan andre rosa oss for å ha teke livet av folkesnakket og rykta som gjekk.

    Kva retningslinjer følgjer redaksjonen for avpublisering av saker som finst tilgjengeleg digitalt?

    Det er ikkje ofte dette er ei problemstilling i Vikebladet Vestposten. Det hender at tidlegare intervjuobjekt tek kontakt og vil ha fjerna ein nettartikkel, til dømes fordi dei er misfornøgde med bilda. Vår redaksjonelle haldning er at det skal svært mykje til for å etterkome eit slikt ønske- vi driv ikkje og riv ut sider frå papiravisa heller, for å seie det litt flåsete.

    Det skjer av og til at vi avpubliserer ei sak vi har posta på Facebooksida til avisa. Til dømes skjedde det sommaren 2019, då vi skreiv ei sak om at muslimar på Hareidlandet vart skremde etter åtaket i ein moské i Asker. Då vi lenka til nettsaka på Facebook, kom det etter kvart så mange hatske kommentarar mot muslimar at vi ikkje såg anna råd enn å ta saka vekk frå Facebook.

    Sosiale medium er i aukande grad viktige både som kjelder og som publiseringkanalar for redaktørstyrte media. Kva særlege utfordringar representerer dette?

    Sosiale medium som kjelder: Her gjeld dei same kjeldekritiske reglane som elles i journalistikken. Utfordringa er at kven som helst kan publisere kva som helst- til dømes frå ulukker. Folk flest følgjer ikkje Ver Varsam-plakaten.

    Når vi sjølv publiserer i sosiale medium, er det viktig å hugse at redaktøransvaret gjeld også der. Det kan gå ganske heftig føre seg i kommentarfeltet (sjå førre punkt om avpublisering), og utfordringa er at kommentarfelta er døgnopne. Eit døme: i 2019 publiserte vi ei sak om ein ungdom, som hadde fått hjelp til å kome seg ut av ei kriminell løpebane. Etter avtale med han, brukte vi berre fornamnet hans i avisa. Då vi posta saka på Facebook, var det fleire som tagga han i kommentarfeltet- noko som førte til at heile namnet hans då vart ope. Vi valde å skjule dei kommentarane.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Dette er nok det det blir minst tid til å løpet av kvardagen, sjølv om vi omtrent dagleg har faglege diskusjonar. Diverre er det nok ein tendens til det blir brukt mest tid på tekniske spørsmål, td fekk vi i fjor nytt system for nettpublisering. MEN: nettsida vår er i stadig utvikling, og internt har vi jobba/jobbar med å «selje» journalistikken vår. Rundt sytti prosent av nettsakene våre er pluss-saker (for abonnentar), og då er det viktig at td titlane på framsida gir folk lyst til å klikke seg inn.  

    Journalist Ole-Ottar Høgstavoll er framleis leiar i Norsk Journalistlag i Møre og Romsdal, eit verv han fekk mot slutten av 2017. Han er no også femte vara til landsstyret i NJ.

    Etikk

    I ei avis med lite, avgrensa dekningsområde melder det seg stadig etiske dilemma.
    Til dømes i kriminalsaker: kor mykje informasjon kan vi gje utan å identifisere gjerningsperson og fornærma? Skal vi skrive kommunenamn? Alder? Nasjonalitet? Kjønn?
    Spesielt i ein tidleg fase i slike saker er dette viktig å diskutere.


    Ei konkret sak kan nemnast: i juli sprada ei naken dame gjennom Ulsteinvik sentrum. Vi diskuterte om dette var ei sak for avisa eller ikkje. Det som talte imot, var at kvinna openberrt hadde svekt vurderingsevne. Ei avissak ville legge stein til børa for henne, som tydelegvis trong hjelp. Det som talte for, var at dette skjedde på høglys dag med mange menneske ute. Kvinna gjekk gjennom heile sentrum før ho var stoppa av politiet og frakta til helsehjelp. Vi valde å skrive ei nøktern sak, der lesarane fekk vite at kvinna hadde fått nødvendig hjelp. 


    Vikebladet Vestposten vart ikkje klaga inn for PFU i 2019.

    Falske nyheiter

    Vi avdekte i 2019 ingen forsøk på å lure/villeie redaksjonen. Vi får sjølvsagt stadig tips, som etter litt research viser seg ikkje å stemme heilt- men det handlar meir om at tipsarar har misforstått/høyrt feil. 

     

    Linda Eikrem,

    ansvarleg redaktør og dagleg leiar

    Legg til i min rapport